Vann mot eiga tru

Jr. damene tapte surt mot Skjold sist helg. Sundag stod sterke Djerv 1919 på motsatt halvdel, jentene hadde ikkje trua.

8.9.2014

Øystein Kambestad har i en årrekke trent 93 guttene. Etter noen års pause var det duket for comback og gjesteopptreden som manager for jr. jentene.

Han oppsummerer slik:

"Ja, kampen var vel verd eit referat. Men er ikkje sikker på første målscorar ein gong. Eg har hatt alzheimer så lenge eg kan hugsa, som bror min seier. Målet kom tidleg (kan det ha vore Rannveig?) (Karoline Seljestad, red.anm). Karoline scora det andre, nydeleg med venstre klin i lengste frå 20 meter, etter å ha vendt bort ei. Anita sto strålande, tok det meste sjølv når dei kom åleine med keeper nokre gonger, men hadde ikkje ein sjanse då ei dårleg forsvarsklarering trilla fint ut til ein spiss på ca 10 m (ho var ikkje så høg, altså, men avstanden frå mål ) i slutten av første omgang. Karina spelte og ein strålande kamp, som spiss og midtstoppar, men sigeren var ein jobbesiger mot ballsikre og kollektive jenter som kom i flokk framover. Dei fekk ikkje rom til å spela spelet sitt, kom til nokså mange sjansar likevel, men når forsvaret med Stine i spissen av og til ikkje greidde det så rydda Anita opp. Jentene hadde ikkje trua før kamp, men alle jobba for kvarandre, og kjempa heim tre velfortente poeng"

Vi takker Øystein for hjelpen og bidraget!





Relaterte linker