Polsk spelar til Odda Fotballklubb

OFK har fått napp i ein Polsk fotballspelar, Konrad Zaudrowicz via Pawel Szewczak som har vore spelar på OFK i 2 -3 år.

21.2.2015

Han er ein tidlegare kjenning av Pawel frå fotballen miljøet i Polen. Forrige helg var OFK til Randaberg og hadde ei treningshelg . Dei spelte to treningskamper mot Randaberg og Egersund. Konrad vart henta opp frå Polen denne helga for å prøve spele med OFK. Han gjorde eit bra inntrykk og vart uttalt som Oddas beste spelar. Konrad fylgde med til Odda for å trene med våre gutar den veka. Det vart tatt ein bestemmelse på at han ville signere kontrakt med oss. I desse dager reiser A - laget til Tyrkia på treningsleir ei veke, og Konrad fyljer med. OFK ynskjer Konrad velkomen til Odda Fotballklubb.





Relaterte linker